Om oss   Kontakt oss         

Vaffelhjarte (Riksteatret)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 1. mars 2020

Ein venn i livet skulle alle ha!

Maria Parr har vorte omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteratur si nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk av Odd Nordstoga?
Med Riksteatret kan du glede deg til ei fartsfylt teaterforestilling med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to borna Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatret si store familieforestilling følgjer me dei to oppfinnsame borna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finn på masse moro, gjer rampestrekar og har hemmelegheiter saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redsela for å miste dei han er glad i. Men Farfar følgjer med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdas beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å vere redd. 

--

Sagt om boka: 

"En hyldest til vennskap og fantasi." 
Aftenposten 

"Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der" 
VG, 5

--

Høver for born frå 5 år.
 

På scena:
Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen


Team:
Regissør: Kjersti Haugen
Musikalsk ansvarleg: Ket Iren Lødemel
Scenograf, Kostymedesignar: Dagny Drage Kleiva
Dramaturg: Tine Thomassen
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
 

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).
 

Premiere: Oslo / Nydalen 7. februar 2020

Produsert av Riksteatret

 

MAR
1
SUN
Vaffelhjarte (Riksteatret)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 275,-/220,-/215,-
Kl: 17:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser