Om oss   Kontakt oss         

Språk, kjensler og kjønn. Bokbad og konsert med Uri, Aspaas og Bøygard.

Arrangør: Leveld Kunstnartun
Tid: 28. september 2019

Korleis formar språket verda - og oss?
Brukar vi ulike ord når vi pratar om og med kvinner og menn?
Og korleis formar måten vi pratar til oss sjølve, måten vi oppfattar oss på?

Leveld kunstnartun arrangerer seminar om språk, laurdag 28. september kl. 12-14.

Kom og høyr språkvitar og forfattar Helene Uri fortelje om “mannsspråk” og “kvinnespråk”, og korleis språket er med på å forme vårt syn på kva menn og kvinner er og kan gjere. I si nyaste bok Hvem sa hva? tek ho for seg korleis språket speglar røynda - og bidrar til å forme denne.

Til seminaret kjem også Kathrine Aspaas, skribent og forfattar av bøkene Raushetens tid og Den emosjonelle revolusjon. Der skriv Aspaas mellom anna om korleis måten vi pratar til oss sjølve på, påverkar korleis vi tenkjer og har det. Ho manar til det ho kallar den emosjonelle revolusjon: ein ny måte å vere leiar og arbeidstakar, der kjensler står i sentrum.

På seminaret får du oppleve forfattarane kvar for seg og i samtale med kvarandre; om språk, kjensler og kjønn. Det blir og minikonsert med den kritikarroste artisten Tove Bøygard. Ho spelar songar frå hennar siste plate “Jord”, som kom ut i 2019.

SEP
28
LAU
Språk, kjensler og kjønn. Bokbad og konsert.
Stad: Leveld Kunstnartun
Kr 250/200,- (inkl.avgift)
Kl: 12:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser