Om oss   Kontakt oss         

IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 25. november

IMAGE IN MY MUSIC

Eit multimedia, multi dimensjonalt show

Frå Klassiske Perler til Secret Garden og Pink Floyd. For alle og ein kvar, store og små!
 

Medverkande: Ragin (violin) og Tor Espen Aspaas (piano)


Når fiolintonane blir fargar på vegg og golv.
"Inside my head the music has colors, shapes, textures, and many more images; imagine, now you can see it too ...”

Image in my Music hadde premiere på Kilden i Kristiansand i 2014, framfor eit svært begeistra publikum. I showet får ein oppleve det Ragin Wenk-Wolff ser i sitt indre når ho spelar på sin Stradivarius frå 1689. 

-      Inni hovudet mitt har musikken fargar, former, teksturar og andre bilete, forklarar Ragin. 
I dette showet tek ho oss med på ei magisk reise inn i ein musikars indre verd. Me blir med inn i ei draumeverd der kvalitetsmusikk for alle og ein kvar, framført “live”, blir forsterka, innpakka i ei visuell reise. Omvendt er det i dei store Hollywoodfilmane musikken som er med på å få fram stemningen i det ein ser. Me får oppleve korleis Ragin ser musikk gjennom fargar, former, bilete og teksturar og korleis opplevinga hennar av musikk er multi-dimensjonal. Det blir ei unik musikkoppleving der me blir bada i lys, mørke, tjukt, tynt, høgt, lågt, nært, fjernt, gjennomsiktig, solid, og skiftande atmosfære. Ragin sitt indre rike syner seg også gjennom 6 ulike kostymer. Kostymane harmonerer med fargane og stemningen til kvart nummer i programmet.

Ragin Wenk-Wolff sitt multi-mediale konsert-show  kombinerer hennar eigen biletkunst med foto- og filmkunst av Kai-Wilhelm Nessler og er produsert av Virtuell-Teater designar Joachim Schamberger.
 

Forestillinga varar ca 1 time utan pause
 

Ragin Wenk-Wolff frå Lindesnes har nettopp flytta attende til Noreg etter mange år i New York. Ho har bak seg hyppige radio- og TV-opptrednar, uroppføring og CD-innspelingar av fiolin-konsertar komponert for og tileigna henne, (m.a. av Johan Kvandal, Ragnar Söderlind, Knut Nystedt) med orkester som Royal Philharmonic i London,  og også utstillingar av eigen kunst på stader så ulike som Paris og Lyngdal, der ho samtidig også gav konsertar.

Den offisielle debutkonserten hennar i Aulaen i Oslo som 17-åring skapte sensasjon og gav henne Debutantprisen og utallige andre prisar, solist-opptrednar med alle dei store norske orkestra samt konsertar i Europa og USA.

Ragin Wenk-Wolff om det å ha synestesi (at sansane er blanda saman): “Det er en deilig verden å være i. Å forklare hvordan det er, blir som å forklare en blind hvordan det er å være seende, eller å forklare en døv hvordan det er å høre. Det er en ekstra dimensjon som jeg deler med publikum, sier hun.”  - Fædrelandsvennen, 18. september 2013


Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane våre; professor ved Norges musikkhøgskole, ein allsidig musikkformidlar og grunnleggjar av kammermusikkfestivalen Vinterfestspill i Bergstaden på Røros. Han har vore solist med tallrike symfoniorkester i inn- og utland og mottatt ei rekkje utmerkingar, mellom anna Levinprisen 2005 og Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden i 2016. Aspaas fekk USA-debuten sin med ein solorecital i Carnegie Hall våren 2013 og han har meir enn eit dusin kritikarrosa CD-innspelingar bak seg. Han er fascinert av humor i musikk og improviserte parafraser, noko ein nok vil merke i denne forestillinga.


Idé/konsept, produsent, biletkunst og kostymer: Ragin Wenk-Wolff
Virtual theater design og produsent: Joachim Schamberger
Fotograf: Kai-Wilhelm Nessle
Saum: Irene Nilsen
 

https://www.youtube.com/watch?v=ib62izk4ky8&index=3&list=PL6bUPRVg2DIDYyInHTvMOj122D1qcwT2Q

 

 

 

 

NOV
25
LAU
IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
240,-/200,/150,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser