Om oss   Kontakt oss         

Nils Ivar Agøy: Lutherdom, demokrati og velferdsstat

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 15. november

Ål Kyrkjeakademi og Ål bibliotek presenterer:

Nils Ivar Agøy i samtale om lutherdom, demokrati og velferdsstat

Nils Ivar Agøy (f. 1959) er professor i moderne historie ved Høgskolen i Sørøst-Norge, og har i tillegg teologisk utdanning. Mest kjent er han kanskje for si brennande interesse for J.R.R. Tolkien, og for å ha omsett fleire av verka hans til norsk.

Det er 500 år sidan Martin Luther slo opp dei 95 tesene sine på døra til slottskyrkja i Wittenberg. Kva følgjer fekk reformasjonen for norsk politisk kultur frå 1800-talet og framover? Kva har reformasjonen hatt å seie for demokratiseringa og utviklinga av velferdsstaten? Nils Ivar Agøy gir oss spennande innsikt i dei samfunnsmessige langtidsverknadene av den lutherske reformasjonen i Noreg.

GRATIS INNGANG
Stad: Ål bibliotek

 

NOV
15
ONS
Nils Ivar Agøy: Lutherdom, demokrati og velferdsst
Stad: Ål bibliotek
GRATIS (ikkje behov for billett)
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser