Om oss   Kontakt oss         

Olav Sletto-dagen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 21. oktober

Olav Sletto-selskapet og Ål bibliotek inviterer til Olav Sletto-dagen

Olav Sletto (1886 – 1963) er Hallingdal sin store forfattar i frå 1900-talet. Han vaks opp i Hol, i små kår hjå besteforeldra sine i Sletto, men reiste ut og vart både forfattar og folketalar.Per-bøkene og «Soga um Røgnaldfolket» er blant hans mest kjende. Olav Sletto-selskapet arrangerte i fjor for fyrste gong Olav Sletto-dagen.

Olav Sletto-dagen 2017 byr på ny forsking, nye tema, nye og overraskande vinklingar av Olav Sletto sitt liv og dikting - og Olav Duun. Gamle diktarar med høgaktuelle syn på bygd og bygdefok, folkehøgskulen og verda i migrasjonens tidsalder.

Høyr framifrå formidlarar som Jørn Øyrehagen Sunde, Grethe Fatima Syéd, Erling Sørli og Jan Inge Sørbø.

Olav Sletto-dagen 2017 er støtta av Buskerud Mållag,  Ål mållag, Hol Mållag,  Ål kommune og  Skue Sparebank.

Arrangementet varer frå kl. 13.00 til 17.15
Billettar kr. 250,-/200,- inkl. varm lunsj. NB! Billettar inkludert varm lunsj må kjøpast innan onsdag 18. oktober.

 

Kl 13.00: Velkomen til OLAV SLETTO-DAGEN 2017 (Eva Almhjell, styreleiar, Olav Sletto-selskapet)

Kl 13.10: Olav Sletto og Olav Duun – menneske og bygda. Samtale om dei to forfattarene sine syn på bygd og bygdefolk med utgangspunkt i Slettos roman ”Soga om Røgnaldfolket” og Per-bøkene, og Duuns ”Juvikfolke”. Tid til dialog med spørsmål og kommentarar frå deltakarane. (Ph.d. og forfattar Grethe Fatima Syéd, Bergen, og lektor Erling Sørli, Holmestrand)

Kl 14.15: Prosjekt ”Digitalisering av Olav Sletto-arkivet” (Eva Almhjell)

Kl 14.30: Pause med varm mat

Kl 15.15: "Internasjonal og moderne, lokal og tradisjonalist - talaren Olav Sletto". Tid for dialog med spørsmål og kommentarar frå  deltakarane (Professor Jørn Øyrehagen Sunde, Universitetet i Bergen).

Kl 16.15: Olav Sletto sin plass i nynorsk litteraturhistorie. Tid for dialog med spørsmål og kommentarar frå deltakarane (Professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda)

Kl 17.15: Slutt. Vel heim.

 

OKT
21
LAU
Olav Sletto-dagen
Stad: Ål kulturhus
Kr 250/200 inkl. varm lunsj
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser