Om oss   Kontakt oss         

Jordmoren

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Claire er ei briljant jordmor med eit naturleg talent for å hjelpe barn til verda på ein roleg måte. Men etter som tida går, så kolliderer metodane og yrkesetikken hennar med dei moderne sjukehusa og krava til effektivitet der. No når ho er kome nærare slutten på karrieren enn starten, så byrjar ho å kjenne seg utilpass med utviklinga, og ho undrar på om ferdigheitene hennar er etterspurt lengre.
Ein dag får ho ei merkeleg oppringing, ei stemme frå fortida. Béatrice, som var den avdøde far hennar si ekstravagante elskerinne, har viktige nyheiter som ikkje kan vente, og vil at dei skal møtast, 30 år etter at ho forvann sporlaust.
Den svært pertentlege Claire og den utemma livsbejaende Béatrice, som er motsetnader på alle måtar må lære å akseptere kvarandre. Gjennom å rydde opp i gamle løyndomar kjem dei kvarandre i møte og tek att det tapte.


Aldersgrense: Alle
Lengde: 1 time og 54 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

OKT
18
ONS
Jordmoren
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser