Om oss   Kontakt oss         

Bye Bye Germany

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Publikumsprisen frå Filmfestivalen i Haugesund!

I grunngjevinga seier juryen blant anna at filmen fortel ei veldig trist historie med mykje varme, medkjensle og sjarme.

Sjølv om ho utspelar seg i ein bestemt tidsperiode, trekkjer historia likevel linjer til liknande, aktuelle hendingar og minner oss om at me aldri må slutte å lære av fortida.

Det er få filmar som set søkjelyset på jødane som vart att i Tyskland etter holocaust. Endå færre filmar er det som gjer dette i form av komedie, så ein kan trygt si at Bye Bye Germany er eit friskt pust.
I etterkrigstidas Tyskland har ein blakk jødisk forretningsmann den perfekte planen for å finansiere draumen om å emigrere til USA. Ved hjelp av ein gjeng svindlarar får han hevna seg på tyskarane samtidig som han tener gode pengar. Men dei lyssky ­aktivitetane hans gjer at han havnar i søkjelyset til komiteen som sporar opp nazistkollaboratørar.


Aldersgrense: 12 år
Lengde: 1 time og 42 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

OKT
20
FRE
Bye Bye Germany
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:00
OKT
22
SUN
Bye Bye Germany
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser