Om oss   Kontakt oss         

Det er her vi kommer fra

Arrangør: Brageteateret
Tid: 7., 8. og 9 . februar 2018

Med 6 skodespelarar og 1 musikar på scena ynskjer Brageteatret velkomen til ei teateroppsetting der gode historier, akkompagnert av nyskriven musikk er i fokus.

Merk: Spesialpris fram til 22. desember: 275,- inkl. avgift (normalpris 400,-)

Det er her vi kommer fra er basert på eit knippe av Levi Henriksen sine kritikarrosa noveller, henta frå «Feber», «Ned ned ned» og «Alt det som lå meg på hjertet». Forestillinga er dramatisert av Thomas Marco Blatt etter ein idé av Kim Sørensen.

Sangen om livet ditt, kva skulle den ha handla om?

Ein trubadur vandrar omkring i bygda han kjem i frå. Han møter eit eldre ektepar som gøymer seg for lensmannen. Han møter ei kvinne som blir lokka inn i pinsemenigheten. Han møter nokre systre som innleiar eit forhold til same mann.

Men eigentleg er trubaduren på veg til bror sin. Eigentleg vil han berre vere saman med ei ung kvinne han aldri har gløymt.

Eigentleg er det ein sang han prøver å spele; eit liv han prøver å stable på beina. Det er her vi kommer fra samlar forteljingar frå lokalsamfunnet, med eit attkjennande, leikent og kjenslevart uttrykk. Det er eit stykke om heimkomst og oppbrot, om musikken i liva våre og dei små stadene i oss alle.

Forestillinga varar i ca 1 time og 20 minutt utan pause.

Regissør - Kim Sørensen // Dramatikar - Thomas Marco Blatt // Idé: Kim Sørensen // Scenograf/kostymedesignar - Gjermund Andresen // Lysdesignar - Martin Myrvold // Komponist - Johannes Winther Farstad Med: Johannes Winther Farstad // Reidar Sørensen // Kristian Winther // Dagrun Anholt // Ulla Marie Broch // Maria Pontén // Joseph Angyal

Forestillinga er produsert av Brageteatret AS - Regionteater for Buskerud.

FEB
7
ONS
Det er her vi kommer fra
Stad: Hjarterommet, Gol skule
Kr 275,- (inkl.avgift)
Kl: 19:30
FEB
8
TOR
Det er her vi kommer fra
Stad: Hemsedal kultursal
Kr 275,- (inkl.avgift)
Kl: 19:30
FEB
9
FRE
Det er her vi kommer fra
Stad: Geilo samfunnshus
Kr 275,- (inkl.avgift)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser