Om oss   Kontakt oss         

The illusions of Alexx Alexxander

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 2. mars 2018

Bli forført av magi når illusjonisten Alexx Alexxander endeleg er attende!

Opplev ein kveld i magiens teikn og la Alexx Alexxander syne deg kvifor han er utnemnt til ein av verdas fremste illusjonistar. Du vil garantert bli forbløffa og forført av latter, forundring og magisk fingerferdigheit. Alexx Alexxander inviterer deg til ein heilaften fylt med humor, mystikk og spektakulære illusjonar.
Grensa mellom illusjon og verkelegheit vil opphøyre. La deg fascinere av Alexx sine uforklarlege shownummer.
Ved hjelp av store skjermar vil publikum følgje illusjonane i minste detalj, uansett kvar i salen dei sit.

Denne storsatsinga av ei forestilling vil garantert ta pusten frå deg og du vil få ta del i oppsiktsvekkjande illusjonsnummer du ikkje har sett maken til. I ei årrekkje har Alexx Alexxander fascinert eit begeistret publikum i heile Skandinavia med utrulege stunt og magiske illusjonar i verdsklasse.

Alexx Alexxander sitt magiske univers er ei oppleving for livet!

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Thon Hotel Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
• Lammefilet med fennikelsaus og pommes boulangere
• Mangosorbet med frukter og pasjonsfruktcouli

Sjå eigen billettkategori.

 

MAR
2
FRE
The illusions of Alexx Alexxander
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser