Om oss   Kontakt oss         

Mellom barken og feen, Adam Schjølberg

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 28. april 2018

Stand Up Norge presenterer Adam Schjølberg.

Regi: Anne Kat Hærland

Heterofile menn skal vere meir som homsane. Dei skal kunne snakke om kjensler og vokse pungen, medan homsane skal vere slik som dei heterofile mennene berre med blogg og man-bun. For om du er homo og homsete i dag kjem homsepolitiet springande og seier at du er for stereotyp og ikkje normalisert nok. I det rettar vart plikter, måtte den skrullete homoen ta med seg fjørboaen og forsvinne inn i skapet att sidan han i homsemiljøet er like populær som heimeverande husmødre er på eit landsmøte i Kvinnegruppa Ottar.


På utsida er Adam meir maskulin enn Lars Monsen og Lothepus, men på innsida meir feminin enn Vendela og Petter til saman. Difor befinn Adam seg Mellom Barken Og Feen.

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
• Sharingfood, eit spanande utval frå kokken! Steinplata fyllast med speikemat og ost frå heile verda, kanapéer, baconsnurrande dadler, devil eggs og andre kulinariske spesialitetar.
• Baileysmousse med crunch

Sjå eigen billettkategori.

 

APR
28
LAU
Mellom barken og feen, Adam Schjølberg
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser