Om oss   Kontakt oss         

Gråtende hender (Teater Manu)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 8. februar 2018

Kva skjedde med døve i Hitler sitt Tyskland? Kva skjedde med døve og funksjonshemma, både i tida før og under den 2. verdskrigen? Kva slag redsler og ufatteleg vondskap vart menneske utsette for?

Tragiske lagnader frå andre verdskrigen blir blottlagt i Teater Manu si utradisjonelle teaterforestilling.
Temaet er omfattande og ukjent for dei fleste. Teater Manu har gjennom åra opparbeidd seg eit omfattande arkiv av dokumentarisk materiale, og har gjennomført intervju med overlevande frå Holocaust. Teatret har også henta inspirasjon frå Holocaustmuseet i Jerusalem, Oslo og Berlin.

Denne historia er viktig for forståinga av ideen om «det reine og perfekte lytefrie menneske» - som var ein del av ideologien til nazismen. Korleis starta det? Det er mange spørsmål. Svara er ikkje enkle.
Det viktigaste er at me prøver å forstå - og at me spør oss: Kan det skje igjen?
 
Forestillinga er å rekne som eit doku-drama, der projeksjonar og ein forteljar supplerer
skodespelarane med faktaopplysningar. Skuespelarane ber fram historier på vegne av
mange enkeltlagnader, alt fletta saman til ei forteljing.

Manus og regi er ved Bentein Baardson, og på scena møter me Ronny Patrick Jacobsen,
Ipek D. Mehlum og Eitan Zuckermann. Stemmeskodespelar: Kjersti Fjeldstad.

FEB
8
TOR
Gråtende hender v/ Teater Manu
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser