Om oss   Kontakt oss         

Ingebjørg Bratland m/band

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 24. mars 2018

Det er stort spenn i Ingebjørg Bratland sin musikk frå debutalbumet Heimafrå med Odd Nordstoga til den nye Hjarteskjell, som er hennar fjerde. Med rot i folkemusikken, har Ingebjørg fram til i dag bevega seg over eit breitt musikalsk spekter - viser, pop, jazz og elektronisk. Dette spennet har ho alltid kjent som både riktig og viktig, samtidig som lojaliteten til heimstaden og dialekta er like sterk. Den raude tråden er uansett den unike og særprega stemma hennar og ei fantastisk formidlingsevne.

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
• Klassisk biff med bernaisesaus, pommes rissole og grønsaksfrikasse
• Husets heilemlaga karamellpudding

Sjå eigen billettkategori.

MAR
24
LAU
Ingebjørg Bratland m/band
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser