Om oss   Kontakt oss         

Vinterles 2018

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 17. januar 2018

På mørke vinterkveldar, kva er vel betre enn å sitje i godstolen med noko varmt i koppen og ei god bok?

Biblioteka i Hallingdal inviterer på nytt til Vinterles, ein lesekampanje for vaksne.
Temaet i år er «reise», i ordets aller vidaste forstand: geografiske reiser eller mentale reiser, klassereise eller tidsreise.

I januar inviterer me til inspirasjonskveldar rundt om i biblioteka i dalen. Der vil dei tilsette presentere bøker knytt til reise som dei meiner det er vel verdt å lese.

For å delta i sjølve kampanjen må du lese minst tre bøker av fritt val i perioden 10. januar til 15. april.
Leverer du ein svarslipp på biblioteket, blir du med i trekninga av kinobillettar og eit flott saueskinn av gammalnorsk spælsau.

GRATIS INNGANG

 

JAN
17
ONS
Vinterles 2018
Stad: Ål bibliotek
GRATIS INNGANG
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser