Om oss   Kontakt oss         

Fremmed Fugl, Storm og Kaffe (Ål kulturskule)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 21. februar 2018

Ål kulturskule 40 år: Fremmed Fugl, Storm og Kaffe

Ål kulturskule fyller 40-år og me vil feire oss sjølve med ei stor framsyning i samarbeid med kompaniet Studio O.
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe er den forunderlege fabelen om Mie og kompanjongane hennar, Rasmus Svarttrost og Robin Rødstrupe.
Framsyninga tek i bruk musikksceniske verkemiddel for å skape ettertanke rundt ei stor utfordring - korleis vi møter individ frå andre kulturar enn vår eigen.
Denne musikkfabelen vil fange born i ei eventyrleg verd full av framande lydar, ukjente klangar og forteljingar frå fjerne himmelstrøk og ei anna tid. Lukta av kaffi og nykverna kaffibønner fyller rommet, og sansane vert fylte av kjente lukter som ein gong var like framand som ein rar liten fugl som vert blåst til Vestlandet med ekstremværet Nina.
 
På scena vil ca 150 elevar frå Ål kulturskule syne fram det fyrste samarbeidet med eit profesjonelt kompani.
 
Forestillinga høver for heile familien.
 

FEB
21
ONS
Fremmed Fugl, Storm og Kaffe (Ål kulturskule)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
150/80,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser