Om oss   Kontakt oss         

Bukkene Bruse på badeland

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 8. mars 2018

Dei tre Bukkane Bruse skal som vanleg til seters for å gjere seg feite, men på vegen oppdagar dei eit Badeland. Kva er no dette for noko rart? Kanskje det er noko morosamt og spennande? Dette må dei prøve!

Morosamt er det og det blir sanneleg spennande også, for Trollet har varte lei av å sitje under brua å vente. Og når det kjem Troll til Badeland, blir det både spennande og vått!

Eventyret om Bukkane Bruse på Badeland har, som seg hør og bør, vore ein eventyrleg suksess i Riksteatret sin dokketeaterversjon. Og no kjem ein splitter ny produksjon av denne moderne klassikaren med skodespelarar i alle roller.

Etter forestillinga kan alle som har lyst få møte Bukkane Bruse.
Forestillinga varar i ca 45 minutt.

 

Dramatisering: Tine Thomassen. Regi: Bjørn Sæter. Musikk: Marius Podolski. Scenografi: Per Olav Austdahl. Kostymer: Marianne Forsberg. Masker: Ingfrid Hvasset. Produsent: Victoria Productions AS

 

HEILAFTEN PÅ KULTURHUSET:

Dropp middagen heime denne dagen!
Middagsservering på Ål kultuhus frå kl 16.00.

Stad: Ål kulturhus, øvre foaje
Tid: frå kl. 16.00

MENY: 
• Bukkene Bruses barnebuffet

(Betaling ved kjøp. Maten serverast av Hallingdal Feriepark)

 

MAR
8
TOR
Bukkene Bruse på badeland
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
220,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser