Om oss   Kontakt oss         

Leikskeid

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 18. august 2018

Mat og kultur i storslagen natur!


For tiande gong ynskjer vertskap frå Ål kulturhus og Iungsdalshytta velkomen til årets vakraste konsertoppleving i Hallingdal.

Ta på deg fjellstøvlar og nyt ein times vandretur i lett fjellterreng frå Toviken, eller bestill båtskyss viss du heller ynskjer det. Når du kjem fram kan du kose deg med heimelaga rummegraut eller annan nydeleg stølsmat, og samstundes oppleve fleire timar med konsertar og artistar frå scena. Alt skjer ute i den frie natur, så i tillegg til den storslåtte konsertopplevinga vil også fjellområda som omkransar Iungsdalshytta kunne ta pusten frå deg.

Tidlegare har m.a. Mari Boine, Darling West, Daniel Kvammen, Bo Kaspers Orkester, Rita Eriksen, Frode Alnæs, Ole Edvard Antonsen, Valkyrien Allstars, Henning Kvitnes, Jonas Fjeld,
Kvarts, Stein Torleif Bjella, Bjørn Eidsvåg, Vamp og Kari Bremnes spelt på Leikskeid.

 

Programslepp ca februar 2018.


Billett inkludert buss:
Bussen går frå nedsida av Ål kulturhus kl. 10:00. Retur frå Toviken kl. 19:00.

Behov for båttransport må du bestille direkte på Iungsdalshytta: tlf. 975 89 394.


NB! Det er IKKJE mobildekning ved Iungsdalshytta (skriv ut på papirversjon av billettar kjøpt på nett).

 

AUG
18
LAU
Leikskeid
Stad: Iungsdalshytta
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser