Om oss   Kontakt oss         

Å eldast med begeistring (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 6. april 2018

Ål kyrkjeakademi presenterer: Å eldast med begeistring

Foredrag ved Erling Nydal og Eva Marie Halvorsen

Eit hovudpoeng i foredraget er å sjå nærare på våre mentale innstillingar til det å bli eldre og korleis vi kan påverka desse i positiv lei. Dei to hentar stoff frå litteratur, filosofi, fysiologi og psykologi for å sjå nærare på dette. Dei to tek også opp spørsmål som «Kva med meir humor og godt humør i kvardagen?» og spør vidare om kva som har vekt humøret vårt tidlegare i livet. Gjennom foredraget vil dei fortløpande illustrera og poengtera innhaldet med «ståoppkomikk».

Eva Marie Halvorsen er i utgangspunktet sjukepleiar og har embetsstudiet i sjukepleievitskap frå Universitetet i Bergen. Ho kom til Førde i 1985 og har vore leiar for sjukepleiarutdanninga der i 20 år. Ho er no inne i avsluttande arbeidsoppgåver på høgskulen før pensjonstilværet ventar om få år.


Erling Nydal er utdanna teolog og er no ungdomsprest i Førde. Tidlegare har han m.a arbeidd som høgskulelektor i rettleiing, etikk og helsefremjing ved sjukepleiarutdanninga i Førde.

Eva Marie Halvorsen og Erling Nydal har ved fleire høve halde foredrag saman der dei har kombinert foredrag med underhaldande «ståoppkomikk». Dei ser på følgjande sitat av Piet Hein som sitt livsmotto: «Den som kun tar spøk for spøk, og alvor kun alvorlig, hun og han har faktisk fattet begge deler like dårlig».

APR
6
FRE
Å eldast med begeistring (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Ål kulturhus - Nesch-museet
150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser