Om oss   Kontakt oss         

Fattigdom, rettferd og klima (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 8. mars 2018

Ål kyrkjeakademi presenterer:

Fattigdom, rettferd og klima. Foredrag ved Hilde Kirkebøen.

Me opplever stadig kraftigare regn, sterkare stormar og varmare klima. Sjølv om me her i Norge berre får merke eit svakt ekko av verdas vêrendringar, er klimaendringa noko som råkar alle og krev felles løysingar.

Kven er min neste i klimaperspektivet? Klima, fattigdom og vald mot kvinner heng saman. Korleis kan trua og kyrkja bidra i kampen mot vald, forureining og urettferd? Kan me la oss styre av ein realitet som er djupare enn pengane sin snevre og fantasilause logikk? Kva kan motivere oss og kva blir forventa av oss?

Hilde Kirkebøen er diakon i Ål og har tidlegare jobba som diakon i Oslo, m.a med fattige tilreisande i Kirkens Bymisjon. Ho har vore på fleire studieopphald i Afrika og har mellom anna tatt U-landsstudiet Global forståelse.

 

MAR
8
TOR
Fattigdom, rettferd og klima (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Kafe TID
150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser