Om oss   Kontakt oss         

Sangen og musikkens dag

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 10. mars

Tidlegare var Sangen og musikkens dag ein fast tradisjon i Ål, men no har det vore stille ei tid. Kvart korps og kor har hatt eigne konsertar og nok med eige program. For eit års tid sidan drog Ål musikkråd i gang att tradisjonen, og den vil dei gjerne gjenta. Målet er å skape sang og musikk rundt omkring på Sundre denne laurdagen, for så å samle musikarar og songarar til ein huskonsert på Ål kulturhus.

Til denne mønstringa vil utøvarane gjerne ha publikum. Det blir mange ulike innslag i foajeen denne dagen. Her blir alle kor, korps, folkemusikkutøvarar, kulturskuleelevar og elles andre som driv musikalsk utøving invitert til å kome med eit innslag eller to. Det blir framføringar både i foajeen og i Storesalen på kulturhuset.

Møt opp og få med deg mykje god sang og musikk denne laurdagen!

Gratis inngang

 

MAR
10
LAU
Sangen og musikkens dag
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
GRATIS INNGANG
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser