Om oss   Kontakt oss         

Darling West

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 13. mars 2018

I starten var Darling West berre ein låt. Ei tekst og ein melodi laga av ekteparet Tor Egil og Mari Kreken, men som seinare også vart namnet på gruppa dei starta saman med Kjetil Steensnæs. I dag har Darling West utvikla seg til å bli eit av dei leiande country- og americanabanda i Noreg. I 2016 vann dei Spellemann for albumet Vinyl and a Heartache. I 2017 har Darling West vore på kryss og tvers av landets konsertscener, og i august opna dei sjølvaste Øyafestivalen på hovudscena i Tøyenparken.

Dei har varma opp for Lucinda Williams i Finland og spelt med den amerikanske countryartisten Sam Outlaw i Sverige. USA har tatt bandet godt i mot, og med 10 konsertar på SXSW i Texas, showcases i New York og Nashville må det kunne kallast ein Amerika-suksess. I september vart dei igjen invitert til Nashville og verdas største americana-festival, AmericanaFest, der dei spelte tre utselde konsertar. På tampen av året skal Darling West turnere i Nederland og Belgia.

Darling West sitt nye album While I Was Asleep kjem ut i februar 2018. I det høvet legg dei ut på ny turné i Noreg. Gled deg til ein vakker konsert med både nye og gamle låtar.

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
Salviebakt smørkylling med fløytegratinerte potetar, sopp og lauk, gulrotpuré og beurre blanch.
Epleterte med heimelaga vaniljeis smaksatt med nøttesmør

Billett inkl middag kr. 570,-  Sjå eigen billettkategori.

 

 

MAR
13
TYS
Darling West
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
325/570,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser