Om oss   Kontakt oss         

Foredrag ved Øystein Morten

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 18. april

Norske øydegardar

Ein gong var det liv i alle låvane, alle fjøsa, og det var lys i vindauga på gardane. No er delar av denne kulturen i ferd med å bli borte. Restane etter det daglege slitet rotnar på rot. Sidan 1970 er over 115 000 gardsbruk i Noreg lagt ned, og mange er berre forlatne.

Øystein Morten prøver å forstå norgeshistoria gjennom å sjå kva som har skjedd med ni ulike gardar som no er i ferd med å forsvinne. Med seg har han hatt ein av Noregs beste fotografar, Pål Hermansen, som har teke fantastiske bilete. Resultatet er boka Norske ødegårder - historien om stedene vi forlot.

Høyr Øystein Morten fortelje historia sjølv på Ål bibliotek.

 

APR
18
ONS
Foredrag ved Øystein Morten
Stad: Ål bibliotek
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser