Om oss   Kontakt oss         

Borgar Storebråten m/band

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 22. februar 2018

Endeleg er debutalbumet klart. Borgar Storebråten har jobba knallhardt med låtskriving, tekstar og studioarbeid i seks-sju år.  Innspelingane er gjort i ein låve på Svenkerud og i roots- og americanahovudstaden Nashville i USA. I sommar fekk han platekontrakt med Apollon Records. The Road to Revelation har blitt ei plate  med djupe røter i amerikansk folkemusikk.

I februar legg bandet ut på lanseringsturne, Norge rundt. Turnéstarten skjer på Fryd Scene, Ål.

Borgar Storebråten (song/gitar), Kristoffer Bjerke (trommer,) Ruben Oma (bass), Martin Johannessen (tangentar), Sandra Erstad Storebråten (kor), Øyvind Ekse (gitarar).

Oppvarming: Singer/songwriter Annelise Danielsen.

 

Fryd Scene
gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.  Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

NB! Konserten spelast på Sundrehall.

 

FEB
22
TOR
Borgar Storebråten m/band
Stad: Sundrehall
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser