Om oss   Kontakt oss         

Aslak Brimi kvartett

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 6. mars 2018

Spelmannsmiljøet i Lom har alltid hatt mange som har laga slåttar sjølv, og Aslak Brimi fylgjer opp i denne tradisjonen. Det er rytmiske og suggerande slåttar, inspirert av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er ôg dei vare og nakne melodiane, rolege slåttar der arrangementa er enkle og nære.

Me får nye feleslåttar kledd med barrysaks, bratsj og cittern! -Tettvevd og intrikat.

Aslak Brimi – fele, Odd Kåre Odde – bratsj og fele, Svein Tore Werstad – saksofon, Espen Wensaas – cittern og gitar

 

Fryd Scene
gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.  Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

NB! Konserten spelast på Ål kulturhus.

MAR
6
TYS
Aslak Brimi kvartett
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser