Om oss   Kontakt oss         

Three Billboards Outside Ebbing, Missouri

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Frå Oscar-vinnaren Martin McDonagh kjem no den mørke dramakomedien THREE BILLBOARDS OUTSIDE EBBING, MISSOURI der Frances McDormand spelar hovudrolla som den fortvila Mildred Hayes. Frustrert over framgangen til det lokale politiet i å finne mordaren til dotter hennar, tek ho saka i eigne hender for å finne dei ansvarlege som stod bak det brutale mordet nokre månader tidlegare.

Mildred Hayes stiller byens høgt respekterte politisjef (Oscar-nominerte Woody Harrelson) mot veggen på kontroversielt vis, gjennom å setje opp store reklameskilt med ein bodskap retta direkte mot han. Når andreoffiser Dixon blir involvert i etterretninga blir situasjonen ytterlegare forverra og det blir ein kamp mellom Mildred og lokalpolitiet i Ebbing.
 

Three Billboards Outside Ebbing, Missouri vart den store vinnaren under årets Golden Globe-utdeling. Filmen var nominert til heile seks prisar og fekk fire; 
Filmen tok den gjevaste prisen for beste spelefilm i dramakategorien, Frances McDormand vann prisen for beste kvinnelege hovudrolle i dramakategorien, Sam Rockwell mottok prisen for beste mannlege birolle i ein spelefilm og Martin McDonagh fekk prisen for beste manus.


Aldersgrense: 15 år
Lengde: 1 time og 55 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

JAN
19
FRE
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:30
JAN
20
LAU
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:30
JAN
25
TOR
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
JAN
28
SUN
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:15
JAN
31
ONS
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser