Om oss   Kontakt oss         

Per Fugelli - siste resept

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Eit sterkt portrett av Per Fugelli.

Samfunnet var pasienten hans, heile landet skrivebordet hans, og media vart konsultasjonsrommet hans. Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstyper, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren Per Fugelli vart det siste halvanna året fulgt tett av filmskapar Erik Poppe, og resultatet er eit svært personleg, tankevekkjande og humoristisk portrett.

Per Fugelli - siste resept er ein rørande film om å leve for fullt til det heile er over.

Per Fugelli vart dei siste åra hylla for sin humanisme, samfunnsengasjement, humor og openheit om døden, noko som blir reflektert i filmen.

Fugelli kjempa mot moralisme, kroppspress, prestasjonssamfunnet og innvandringsfiendskap. Som samfunnsdebattant og sosialmedisinar sov han aldri, han var like opptatt av skavankane i samfunnet som i kroppen.

Like på tvers som varemerket hans, sløyfa han alltid bar i halsen, plasserte han seg på tvers i den norske offentlegheit. Resepten hans på å lure døden, veke etter veke, besto i å fylle livet med meining, engasjement og humor. Han hamra laus kronikkar og innlegg om dei nye funna sine som han ville dele. Om det politiske frostsjokket som rammar Noreg, om måla for helse og lykke som blir meir og meir uoppnåelege og ikkje minst om dei sju dødsgledene. - Det er ikkje så ille som folk vil ha det til, og den som døyr får sjå, sa Fugelli med eit smil.

Per Fugelli skreiv nesten femti bøker, utallige aviskommentarar og han fekk ei rekkje utmerkingar. Fritt ords pris frå 2013 var den viktigaste.

Møtet mellom Per Fugelli og Erik Poppe innleidde det siste halvanna året av livet til Per. Då Per Fugelli valgte å stoppe den vidare medisinske forlenginga av livet, starta dei to samtidig å dokumentere siste akt og nokre av dei vakraste augeblikka i Per sitt liv. - Filminga har gjeve meg endå ei meining og friske nye fargar i livet. Kanskje kjem eg til Hollywood, smilte han lurt, kort tid før han døydde i september 2017.



Aldersgrense:
Lengde: 1 time og 50 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

JAN
26
FRE
Per Fugelli - siste resept
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:30
JAN
27
LAU
Per Fugelli - siste resept
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:45
JAN
28
SUN
Per Fugelli - siste resept
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
JAN
31
ONS
SENIORKINO: Per Fugelli - siste resept
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00
FEB
2
FRE
SENIORKINO: Per Fugelli - siste resept
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser