Om oss   Kontakt oss         

The Post

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Steven Spielberg sin The Post er eit intenst og brennaktuelt drama om USA sin fyrste kvinnelege eigar og avisutgjevar Katharine Graham (Meryl Streep) i The Washington Post, og redaktøren hennar Ben Bradlee (Tom Hanks) gjennom nokre kritiske månader i 1971.

Filmen skildrar avisa si avsløring av korleis den amerikanske regjeringa sin massive dekkoperasjon gjennom tre tiår og fire presidentar systematisk førte det amerikanske folk og verda forøvrig bak lyset angåande den militære innblandinga i Vietnam. Me følgjer Graham, Bradlee og ei gruppe nitidige og handlekraftige journalistar hjå The Washington Post i kappløpet deira med den mektige rivalen The New York Times.

Under truslar frå høgste politisk hald, må dei risikere både karriere og fengselsstraff for å avdekkje statshemmelegheiter og bringe sanninga for ein dag, i det som vart kalla "The Pentagon papers".


Aldersgrense: 12 år
Lengde: 1 time og 55 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

 

FEB
23
FRE
SENIORKINO: The Post
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00
FEB
25
SUN
The Post
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:30
MAR
4
SUN
The Post
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:30
MAR
7
ONS
The Post
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser