Om oss   Kontakt oss         

OPNINGSFEST i nytt ungdomsrom

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 22. februar 2018

- for alle ungdommar i Hallingdal frå 8. trinn til 3.vgs

Arrangementet er GRATIS, men hugs å skrive ut fribillett eller last ned på Hallingbillett-APP.

 

 

 

Storesalen kl 19.00

Velkomen ved Ungdomsrådet i Ål, ordførar og kulturhusleiar

Informasjon om BIZZY for ungdom

Dans- og musikkinnslag frå ungdommar i Hallingdal

Konsert med Es May

 

Nytt ungdomsrom/nedre foaje kl 20.00 - 21.30

Me held fram festen nede på kulturhuset med disco, konkurransar, mat og drikke.

Eigen kunstutstilling med Vilde Warendorph Mikkelsen frå Ål.

 

Es May er ein unik singer/songwriter frå Hemsedal.

Om du høyrer på ein av låtane hennar, eller ser henne live, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor ho beskriv musikken sin som slve sjela i livet sitt. Denne sjelfulle og litt sårbare stemma, blanda saman med fengslande, brutalt ærlege tekstar, resulterer i popmusikk i verdsklasse, der ho tydeleg er inspirert av blant andre Florence and the Machine og Robyn.

2017 ser ut til å bli Es May sitt gjennombrotsår. Sommaren 2016 slapp ho låten ‘Hold On’ med DJ/produsent Stisema, og dette var ein debut for begge artistane. Låten fekk mykje merksemd og klatra til 1. plass på Spotify, Norway Viral 50. Den vart også spelt på radiokanalar som KISS FM og P3 og det vart gjort fleire populære remixar fronta blant anna av Spinnin Records. ‘Hold On’ har no 3 millionar streams. 

I somm
ar slapp Es May debutsingelen sin, 'Wake Me Up', og her kjem det tydeleg fram at ho brukar musikken som reidskap for å bearbeide dei største utfordringane i livet. Gjennom materialet sitt gjenskapar ho ein abstrakt tankestraum, som ho slv beskriv som eit kaleidoskop. Låten vil kunne få deg til og gråte og danse på ei og same tid. 
Den har
vorte spelt på radio i både inn- og utland, og Es May har fått fabelaktige presseomtaler i både Australia, England og ikkje minst i heile Norges musikkmagasin 'Gaffa'. 

 

 

 

FEB
22
TOR
OPNINGFEST nytt ungdomsrom
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
GRATIS (men alle må ha billett)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser