Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×

Spørsmål og svar

  • Er det sikkert å handle på nett ?

    Me nyttar sikker kommunikasjon mellom våre system og din maskin. Dette kan du sjå ved at du nederst i høgre hjørne på nettlesaren har ein hengelås. Denne viser at kommunikasjonen går kryptert og ikkje kan avlyttes. Godkjenning av kortinformasjon og transaksjonane blir gjort av Nets (Tidligere Bankenes Betalingssentral).

  • Sikkerheit

    Hjå Hallingbillett kan ein betale med Visa, Mastercard eller Bank Axxess. Dette kan ein gjera via Nets (tidlegare Bankenes Betalingssentral). Betalingane blir godkjent ved Bank ID eller andre ordningar som er godkjende av kortselskapa. Kortnummer, kontonummer eller annan betalingsinformasjon om kundane våre blir ikkje lagra av Hallingbillett.

    Billettane blir kontrollert i døra ved kvart arrangement. Dette blir gjort av arrangøren via scanning av elektronisk billett, eller sjekk mot salslistene. Det vil dermed ikkje vera mogeleg å kome inn på arrangementet dersom det er to like billettar.

  • Kva er CVV2-feltet som står på sida kor eg skal taste inn kortinformasjon?

    CVV2 er ein ytterlegare sikkerheit for at du har originalkortet. Dersom du snur kortet og ser på signaturfeltet bak,vil du sjå at det står fire siffer, mellomrom og tre siffer. Dei tre siste siffera er CVV2. Ikkje alle kort krev at du skriv inn CVV2 for å godkjenne kortnummeret.

Tilbake til framsida